tirsdag 21. august 2012

DIY: stensilar til veggen- rimeleg alternativ til tapet

Endeleg er stensilane på plass på soveromsveggen! 
Det var både kjapt og enkelt å male dei på, ein festar berre stensilen (plastarket) på veggen med maskeringstape, og rullar på malinga. 
Stensilen kosta rett over 200 kr (Cutting edge stencils), og malinga nesten ingenting. Kan vere lurt å bruke vater medan ein tapar fast stensilen, og passe på å ikkje ha for mykje maling på rullen slik at ikkje malinga "blør" utover. Eg valde tre metalliske fargar frå "Folkart acrylics", Gunmetal Gray, Sequin Black og Silver Anniversery(Hotcraft) i flasker på 2 oz. (ca.1/2 dl). Nok til seks stensilar med litt til overs. 

Eg likar spesielt godt at veggen er "levande"- den endrar seg alt etter kvar lyset treff, og kvar ein er i rommet.
Nøgd!:)
Kalkmaling med metalliske stensilar "DIY tapet"




Blomane varierar frå å "lyse" sterkt til å forsvinne fullstendig..




Har du erfaring med stensilar, på vegg eller andre ting?


mandag 6. august 2012

Kalkmaling "Fresco Pure and Original" på soverommet

Jippi! Det kvite soverommet har fått seg eit strøk "Slate Gray", og er eit steg nærmare å verte ei lita lun, eksklusiv mørk "hole" :)

pure and original, fresco, kalkmaling, slate gray
Kalkmaling/ betongmaling frå Pure and Original Fresco i fargen Slate Gray. Rund lysekrone fra Living
Det fine med denne malinga er at den er 100% naturleg, basert på leire og naturlege fargepigment. Fint for meg som for hovudverk og vert kvalm berre eg ser på eit "vanleg" malingsspann. Den vart enklare å male med med 1/10 vatn.

Planen er å male på slike: 

Bilete frå Cutting edge stencils



Stensilen er bestilt frå Cutting edge stencils og på veg i posten. Nokre blomar vert svarte, andre i sølv og kanskje nokre i gull (besluttningsangst!). Gler meg! 
Stencilar er utskorne plastark som ein legg på veggen og malar på med rull. Eit rimelig alternativ til tapet, og eg trur det vert knallbra. "Folkart" akrylmaling er den anbefalte malinga frå stensilprodusenten, og den sel dei hos Hotcraft. Kjøper ein seks flasker eller mindre får ein rimeligast frakt.  

lørdag 4. august 2012

DIY nattbord drivved makeover

Nattbordet har fått nye skuffer laga av to resteplankar frå "verkstedet". Eg løsna forsiktig dei gamle skuffefrontane, brukte dei som mal for å saga til dei nye i same storleik, pussa pussa og pussa meir, og beisa med Lady interiørbeis i fargen " valnøtt"... Og pussa igjen, etter at beisen var tørr. Limte på dei nye frontane med trelim, enkelt og greit. Knottar frå Ebay. Ei blanding av elegant og tøft, nøgd :)

 DIY nattbord makeover, drivved
Nattbord/ kommode DIY makeover før og etter
Korleis har du fornya nattborda dine?

DIY: lag ein polstra/ stoppa sengegavl



Eg har lenge hatt lyst på ein deilig, eksklusiv, tjukk sengegavl og snekra difor saman denne:
Lag selv polstra hodegavl, stoppet sengegavl
Polstra DIY sengegavl med "nagleknappar"

Lag selv polstra hodegavl/ sengegavl
Eg mangla ein knapp (knappana vart bestilt før skissa, whops). Sambo hadde heldigvis ein "Moods of Norway-knapp" på lur :)
Utstyrsliste 
  • kryssfinner/ sponplate (eg kjøpte kryssfinner, 9mm tjukk hos Bygger`n  for dei kunne kappe til rett str. :))
  • plankar (hvis ein vil ha bein på gavlen)
  • drill
  • stikksag (ikkje naudsynt)
  • stiftemaskin
  • skruar
  • spraylim (kjøpt hos Biltema)
  • skumgummi (eg brukte ein dobbel overmadrass, ca.10 cm., ellers har dei rimelege skumgummimadrasser hos Jysk)
  • vatt (hobbyforretning)
  • stoff (berekn ekstra stoff for å få festa det på baksida, eg hadde 30 cm å "gå på". Kjøpte stoffet på salg her: Stoff og Stil ) 
  • knappar (med ein "halvsirkel" på baksida, til tråden. Eg brukte desse, som ser ut som naglar: Totallybuttons)
  • lang nål (minst 15 cm)
  • ekstra sterk tråd (knappetråd)

Framgangsmåte 
Skisse til sengegavlen
1. Skisser
Eg byrja med nokre skisser for å finne passelig høgde på gavlen, antall knappar og avstand mellom knappane. Ruteark med 0,5 mm ruter tilsvarara 5 cm. "in real life".                     

2. Mål opp og merk plata
Slik vart det enkelt å måle opp og merke av tilsvarande punkt på baksida av kryssfinnerplata, og bore hol stort nok til å tre nåla gjennom.

3. Rund av hjørna
For å få avrunda hjørne la eg ein tallerken på dei to øverste hjørna på plata, merka med blyant og kappa med stikksag. Smak og behag om ein går for runde eller firkanta hjørne, vatten vil uansett runde dei av noko :)

4.  Lim
Lim fast skumgummien på plata med spraylimen (skumgummien skal vere like stor som plata). Lurt å gjere utandørs. Eg skar til skumgummien "sånn ca." til plata før eg festa den, og tok finpussen etterpå med saks. Dersom skumgummien vert "hakkete" i kantane, dekkje vatten dette.

5. Merk og skjer hol
Merk av knappeplasseringa på skumgummien (tilsvarende som merkinga bak plata). For at polstringa skal verte djup, må ein skjere hol i skumgummien og inn til plata så knappane kjem djupt nok utan å trykke saman skumgummien mellom knappane. Eg skar hol på ca. 2x2 cm (litt større enn knappane) og brukte tapetkniv. Igjen, det gjer ikkje noko det vert hakkete for vatten dekkjer dette.                                                                                                                                                                                                                                   

Knapp nr.1 på plass, festa med skrue på baksida
6. Vatt
Legg på vatten og fest den på baksida av plata med stifter.

7. Fest knappane
Så den mest tidkrevjande delen, å "forme" stoffet og feste alle knappane! 
Det er lurt å ha 10-20 cm ekstra stoff rundt alle kantane for å feste stoffet, og fordi polstringa også "stel" litt stoff.

Fordel stoffet jevnt på gavlen (eg hadde gavlen ståande i eit hjørne, inntill veggen). 
Tre nåla med firebobbel tråd og stikk nåla inn i eit av hola i midten oppe på gavlen, frå baksida. Det er lett å kjenne når ein treff (nåla skal gjennom holet i skumgummien). Stikk nåla inn, vannrett. Pass på at det heng igjen ein trådbit på baksida, og drag tråden utav nålauget på framsida.

Ta ein skrue eller ein spikar og del den firedoble tråden i to (på baksida), og smett skruen i mellom tråden og plata. Stram tråden på framsida og skruen skal hengje av seg sjølv.

Så tredde eg den delte tråden gjennom knappeåpningen, eine enden fra venstre og andre enden fra høgre (viktig for at knyttinga skal fungere). Stram trådane til knappen ligg inntill stoffet. Fortsett å hald trådendane stramme medan du presser knappen heilt inn til plata. Her er det veldig kjekt å ha ein medhjelpar! Ein som held trådane, og ein som pressar knappen inn. Eg utvikla etterkvart ein akrobatisk "sjimpanseteknikk" på dette, pressa knappen inn med foten medan eg stramma og knytte :)..  
polstret sengegavl, diamantmønster
Gulltraktor :D         Diamantpolstring     "Nagleknapp"




Knut ein vanleg knute (slik ein lagar før sløyfa når ein knytter sko) og stram til det "smell" og knuten forsvinn bak knappen. Gjenta to-tre gongar, og knappen sit fast. Hald fram med å trykkje inn knappen til du har laga minst to knutar. Vips, fyrste knapp på plass! Berre 46 igjen :O (Det er sjølvsagt valgfritt kor mange knappar ein vil ha :)).

Fortsett med knappane i midten jobb deg utover. Stoffet bør ikkje festast alt for stramt, då kan det verte vanskeleg å forme "rynkene". Leik med stoffet etterkvart som knappane vert festa, det er rimeleg enkelt å forme til eit diamantmønster :). 

Det er lurt å la foldane gå "nedover" slik at dei ikkje samlar støv. Eg "prøvestakk" tuppen av nåla gjennom stoffet og undersøkte om plasseringa passa i forhold til dei andre knappane, før eg trakk nåla heilt igjennom. Eitt par gongar vart plasseringa så feil at eg måtte kappe tråden og byrje på ny.
Denne videoen viser korleis ein lagar diamantmønsteret:
                                                                                  

Gavlfot med "vattdott", vakkert! 
8. Fest stoffet
Fest stoffet på baksida med stifter. Lag foldar det det passar og stramm opp stoffet. Eg lage dei rett ut frå knappane mot kanten. Eg festa stoffet ekstra stramt i foldane, slik at profilen på gavlen vart "klumpete".

9. Bein
Det er mogleg å feste gavlen i veggen, men eg valge å lage bein for å sleppe å lage hol i veggen. Eg skrudde fast stoffkledde plankar i ynskja høgde, etter å ha runda av hjørna øverst. Gavlen sluttar nokre få cm. nedanfor madrassa, slik at senga står heilt inntill veggen (med kun beina imellom madrassen og veggen). Eg festa beina så langt inne på plate at dei ikkje viser når ein ser gavlen i front. I tillegg festa eg ei fjøl øverst på gavlen slik at det ikkje vart eit "hol" her.

10. "Vattdottar"
Til slutt stifta eg på nokre "dottar"med vatt for å beskytte veggen mot merke. Voilà!

lag selv sengegavl, polstret hodegavl, kryssfinnerplate
"Livet er en gåte, og løsningen står på baksiden." Storm P. Ein filosofisk gavl ;)
Her henta eg maange gode råd: DIY Tufted headboard 

Gavlen i sitt rette element: 

DIY hodegavl, lag selv hodegavl med knapper
DIY polstra sengegavl

I tillegg har eg nok stoff til eitt nytt, matchande kappelaken:D ..Snille svigermor har lova å sy. Bilder kjem seinare!
Meir inspirasjon: Dagbladet- lag din egen sengegavl

Er det nokon som har andre idèar til sengegavl?